Gå til sidens hovedinnhold

YouTube-Noreg til Odda

13. august vert det liv og røre i sentrum:

Artikkelen er over 2 år gammel

I august kjem Gullsnutten på besøk til Odda. Det er P3 og YouTube-nettverket Nordic Screens som arrangerer turnéen.

For abonnentar

Gullsnutten er YouTube sin eigen prisutdeling, slik som Gullruten er for TV-bransjen.

Med på turnéen er dei kjende Youtubarane Agnetesh, Dennis Vareide, Kattekryp, Kristine Bremnes, Kong Halvor, Mina Jacobsen, Murdrocks, Nellie, Randulle, Sandra Thoen og Woldelige Ole.

På turen vert det livesendte lunsjpratar og konkurransar leia av Victor Sotberg frå FlippKlipp, som er NRK Super si satsing på videonettstaden YouTube.

13. august stoppar YouTube-gjengen innom Odda.

Gullsnutten skal avsluttast i Gjøvik, der vinnarar av dei ulike kategoriane skal kårast. Publikum kan stemme fram sine eigne favorittar.

– Me skal fylle ein buss med nokre av dei mest kjende Youtubarane i Noreg, også skal me køyre rundt. Bakgrunnen for det er at dei ønskjer å treffe fans og følgarar. Undervegs skal me ha ulike challanges og konkurransar, fortel Kristina Tallaksen ved NRK P3.

Inge Lægreid ved Odda By fortel at det kjem til å verte show i Almerkeparken denne dagen.

Kommentarer til denne saken