Skiløparen Gaute Kvåle (23) får utviklingsstipend

Fekk Stipend: Gaute Kvåle, her under årets sesongopning på Beitostølen i november.Foto: Privat

Fekk Stipend: Gaute Kvåle, her under årets sesongopning på Beitostølen i november.Foto: Privat

Skiløparen Gaute Kvåle (23) var ein av fem unge idrettsutøvarar som fekk tildelt utviklingsstipend av fylkestinget i Hordaland 10 desember.

DEL

Hordaland fylkeskommune har delt ut delt ut utviklingsstipend til unge, lovande idrettstalent i Hordaland sidan 1994.

Målet er å gi utøvarane høve til å vidare utvikling og stimulans innan si idrettsgrein, og kvart stipend er på 30 000 kroner.

Om Kvåle skriv fylkeskommunen at han kan vise til ein 5. og ein 6.-plass frå U23 VM, to topp 15-plasseringar i NM, og eit mål om å delta i OL i Beijing i 2022.

I tillegg til Kvåle fekk skiskyttaren Une Kvekane frå Voss og hekkeløparen Martine Kolbeinshavn Hjørnevik, triatleten Vetle Thorn og fotballspelaren Maria Seth Borchmann (alle frå Bergen) utviklingsstipend.

Artikkeltags