Bør Hardangerrådet gå i dialog med Voss no? To seier ja

Politikartoppane: Ordførarane: Roald Aga Haug (Ap) i Odda (t.v.), Solfrid Borge (Sp) i Ullensvang og Jon Larsgard (Sp) i Jondal.

Politikartoppane: Ordførarane: Roald Aga Haug (Ap) i Odda (t.v.), Solfrid Borge (Sp) i Ullensvang og Jon Larsgard (Sp) i Jondal.

Artikkelen er over 2 år gammel

Jon Larsgard (Sp) synest det er fornuftig av Hardangerrådet å gå i dialog med Voss. Roald Aga Haug (Ap) har ei heilt anna oppfatning.

DEL

– Eg synest det er ein fornuftig prosess Hardangerrådet har lagt opp til, der kommunane til sist bestemmer om ein går vidare eller ikkje. I første omgang handlar dette om å skaffa seg kunnskap for å kunne vurdera førespurnaden som har komme frå Granvin/Voss, seier Larsgard, ordførar i Jondal.

Han meiner det vert for defensivt å venta til etter 2020 då Granvin allereie vil vera ein del av Voss.

– I tillegg gjer samanslåinga mellom Ullensvang, Odda og Jondal at selskapsavtala for Hardangerrådet uansett må reforhandlast fordi ein då er fire og ikkje sju kommunar i Hardanger, påpeikar Larsgard, og legg til at tida vil heller ikkje stå stille i dei andre kommunane som skal halda fram som før.

– Det er mange samarbeidsrelasjonar skal avklarast fram til dette tidspunktet. Difor bør ein ikkje venta med desse vurderingane, seier han.

Roald Aga Haug (Ap) seier han er einig med partifellen Olav-Magnus Hammer (Ap), som vil utsetta dialogen med Voss.

– Hardangerrådet bør bruka tida si på utvikling av regionen og kommunane, som t.d. statlege arbeidsplassar, i staden for langtekkelege arbeidsgrupper. Vil Voss vera med får dei søka om det, så bør Hardanger stilla klare krav tilbake. Erfaringane viser at Voss forsøker å overta funksjonane i Hardanger. No kan det vera på tide at Hardanger stiller klare garantiar om t.d. Hardanger tingrett og NAV-arbeidsplassar, uttalar Aga Haug.

– Vi har hatt ein runde i Hardangerrådet, eg er positiv til vidare diskusjon med Voss/Granvin, seier Solfrid Borge (Sp), ordførar i Ullensvang.

Artikkeltags