Sjukehus blir granska etter sju feiloperasjonar

Av

Fylkeslegen skal granske hendingane på Voss sjukehus der sju pasientar fekk sett inn uriktige kneprotesar mellom mai 2018 og januar 2019.

DEL

Pasientane skulle hatt usementerte protesar, men fekk i staden operert inn sementerte protesar, utan at desse vart festa med sement, skriv Bergens Tidende.

Hendingane skal opp i kvalitetsutvalet i Helse Bergen. I september blir feiloperasjonane tema på ein nasjonal pasienttryggingskonferanse. Fylkeslegen granskar òg hendinga.

– Vi er veldig lei oss for det som har skjedd og har beklaga overfor pasientane, seier direktør Olav Lødemel ved Voss sjukehus.

Feiloperasjonane skal ha skjedd fordi operasjonsteamet truleg ikkje forstod typenemningane på eskene protesane låg i. Sjukehuset har sidan innført skriftlege rutinar og laga eit ekstra punkt i sjekk-skjema.

– Vi er heilt trygge på at feilen gjeld berre desse sju. Andre som er kneopererte på Voss treng ikkje bekymre seg for om dei har fått feil type protese, seier Lødemel, som legg til at dei sju pasientane får oppfølging.

Artikkeltags