Talde 123 687 turistar på fire månadar

Nytt: Offisiell opning for fyrste byggjesteg av turistvegsatsinga ved Vøringsfossen var 4. juli i år. Her ser ein nytt toalettanlegg og parkeringsplass. Teljarar registrerer besøkjande.

Nytt: Offisiell opning for fyrste byggjesteg av turistvegsatsinga ved Vøringsfossen var 4. juli i år. Her ser ein nytt toalettanlegg og parkeringsplass. Teljarar registrerer besøkjande. Foto:

I sommar registrerte Vegvesenet besøkjande ved Vøringsfossen.

DEL

I snitt 1000 besøkte Fossli kvar dag:Ein teljar er montert på Fossli, og ein ved hovudvegen på Fossatromma.

Teljaren ved Fossli hotell var ikkje oppe før 24. mai. Tala er difor frå den datoen og fram til 26. september.

På fire månadar vart det registrert eit dagleg snitt på 989 personar på Fossli, og totalt 123 687 personar frå slutten av mai til slutten av september.

Juli var den travlaste månaden, med i snitt 1447 personar. I september var snittet 911 registrerte. Tysdag var den travlaste vekedagen her.

Marit Stadheim i Destinasjon Eidfjord opplyser til sine avtalepartnarar at det heilt sikkert er ein lekkasje på teljaren på Fossli, sidan det er fleire vegar til utsiktspunktet der.

Stadheim skriv òg at det vert vurdert å setja opp fleire teljarar.

Sjå bildeserie frå opninga av fyrste byggjesteg:

220 479 registrert ved hovudvegen

Ved hovudvegen, på Fossatromma, vart det registrert totalt 220 479 personar med eit snitt på 1764 per dag.

I juli var snittet 2622 registrerte kvar dag, og i september vart det registrert 911 personar i snitt per dag. 

Søndag var den travlaste vekedagen i perioden, med flest personar registrert på stoppestaden tett på riksveg 7.

Toaletta stenger 15. oktober

Turistvegseksjonen i Vegvesenet informerer om at toalettanlegget ved utsiktspunktet vil stenga 15. oktober. I utgangspunktet skal anlegget vera ope og tilgjengeleg i perioden 15. mai til 15. oktober. Dermed er all ferdsel før og etter på eigen risiko.

Det er ikkje lagt opp til brøyting til, eller ute på sjølve utsiktsplattformene.

Artikkeltags