Folk: Groupa

Sundag 31. mars kl.18:00-19:30
Konsertsalen i Kabuso
Hardangerfjordvegen 626, Øystese, NorgeOpne kart
kart

Me ynskjer: Groupa v/ Terje Isungset, Jonas Simonson, Mats Edén - velkomen til Kabuso

Bandet som har inspirert ein generasjon svenske musikarar med sin trong til å oppdage og sitt musikalske talent. I albumserien Kind of Folk held trioen fram med å gjenoppfinne den nordiske folkemusikken - med fokus på Noreg denne gongen.

På kvar sin måte har alle dei tre bandmedlemma sterke band til den norske folkemusikken. Mats sat som tenåring å høyrde på melodiar frå norske spelmenn og hardingfelemusikarar. Seinare studerte han hardingfela og samla på tonar frå både Värmland og Aust - Noreg. Terje er fødd og oppvaksen på Geilo og har spelt folkemusikk sidan barndommen. Jonas lot seg tidleg inspirera av tonespråket i den norske musikken.


Kombinasjonen av nyskapande instrumentering og ei evig-nysgjerrig utforsking av improvisasjon, saman med ein djup kjærleik til tradisjonell nordisk musikk, utgjer Groupa sin folkemusikk - som er av den mest spennande i vår tid. Ved hjelp av munnharpe, hardingfele, fløyte, viola d'amore, perkusjon og trommer, teiknar dei friske fargar og utforskar ein ny musikalsk dimensjon. I lyden av Groupa finn du eit komponert bilete av gårsdagens tradisjonar, dagens lunte og morgondagens moglegheiter.

Vil du høyre litt? Høyr her!

Velkomen til ei spennande musikkoppleving i Kabuso.

Les meir om konsertar og arrangement i Kabuso på www.kabuso.no