Skal bruke 1 million kroner på å forlenge skisesongen

Prosjektet «Norske skispor» skal bygge nettverk for å dele kunnskap om korleis skispor skal preparerast og haldast ved like for å vare lengst mogleg for å få lang skisesong også i framtida.

Prosjektet «Norske skispor» skal bygge nettverk for å dele kunnskap om korleis skispor skal preparerast og haldast ved like for å vare lengst mogleg for å få lang skisesong også i framtida. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Pilotprosjektet «Norske skispor» har fått éin million kroner til arbeidet for å forlenge skisesongane i Noreg. Løypekøyrarmiljøa skal utveksle kunnskap.

Ifølgje Nationen skal prosjektet bidra til at fleire kan oppleve lengre skisesongar enn dei normalt ville fått. Frykt for at klimaendringar kortar ned skisesongen skal ha bidratt til å få fart på planane, og eit varmare klima vil utvilsamt skape store utfordringar for skikulturen i åra framover.

– Skikulturen er ein viktig del av norsk friluftslivstradisjon. Det vil derfor vere av stor verdi om vi gjennom deling av kunnskap kan utvide skisesongen, seier leiar Ketil Kjenseth (V) i Stortingets energi- og miljøkomité.

Skiforeningen har i fleire år arbeidde for å samle kompetanse om korleis løyper med lite snø kan preparerast og korleis løypene kan halde seg lenger i sesongen. Slik kunnskap skal utvekslast gjennom det nye prosjektet.

– Eit mål for det nyetablerte nettverket er at vi gjennom gjensidig kompetansedeling i løypekøyrarmiljøa kan bidra til å sikre skispor og skiglede – både no og i framtida, seier generalsekretær Erik Eide i Skiforeningen.

(©NPK)

Artikkeltags