Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Snøen er djup, og dei fem vaksne villreinbukkane er slitne. På vinteren skulle dei hatt fred, men dødskampen strekkjer seg no ut på tredje dagen. Dagen før var dei over tjue stykk, no er det berre dei fem att. Dei set kurs opp ein bratt kolle, ein strategi utvikla gjennom tusenvis av år på flukt frå menneske og rovdyr. Likevel kjem skuggen av forfølgjarane nærare og nærare. Kva skjer, det er jo ingen skapningar som skal klare å halde følgje med dei så lenge over tundraen? Hjartefrekvens- og dødsangsten er på det maksimale, men bukkane sitt overlevelsesinstinkt gjer at dei kjempar vidare mot elementa. Før dei fem bukkane når toppen seglar helikopteret opp på sida, der statens bødlar har kuler og krut. I løpet av kort tid heng bukkane i ei lastestroppe, klare for å dumpast i ein konteinar i låglandet. Statens mannskap ladar raskt våpena, helikopteret fyk vidare – det er observert elleve bukkar i nordvest, og overordna målsetting er at dei alle skal utryddast.....
Dersom avsnittet over hadde vore skrive i norsk stil i grunnskulen, ville barnehelsetenesta vorte involvert, og dersom ein vaksen person hadde kome med forslaget for ti år sida, ville ein nærast vorte bøtelagt. Det er heller ikkje manus frå ein dårleg film, det er Noreg i dag – oppskrifta til korleis Statens naturoppsyn (SNO) skal skyta ut vaksne, friske og uskyldige villreinbukkar i nasjonalparken på Hardangervidda. Ein blodig reprise frå utryddinga av villrein i Nordfjella. Det er beint fram vondt og barbarisk, der handlingane har direkte ordre og anbefalingar frå statens eigne organ, adressert Mattilsyn (MT) og Miljødirektorat (MD).
Haustmøte
Det er nok skildringa av korleis vaksne villreinbukkar skal utryddast på vinteren, når dei er på sitt aller mest sårbare, som dei svært mange deltakarane på haustmøtet for Hardangervidda villreinområde sit sterkast att med etter møtet på Geilo. Eit møte som vart prega av CWD som bakteppe, med svartmåling og dommedagsprofetiar – eigentleg ein blåkopi frå den gong dei same kvitfrakkane beredte grunnen for ei utrydding av stamma i Nordfjella. Ein skulle tru desse hadde lært noko frå prosessen der 2500 villrein måtte bøta med livet og alle dei millionane statskassa har strødd ut, men det einaste som var nytt under sola, var korleis SNO skulle skyta bukkar mest effektivt. Det kom ikkje fram informasjon om kor CWD har sitt opphav, kor lenge sjukdommen har vore i landet, kor smittsamt det er, sannsynet for at CWD (ikkje) finst andre stader, eller kvifor bukkane i teorien var så mykje meir utsett å bli smitta enn simler, sjølv om stillinga framleis er 1–1 etter 7000 tekne prøvar på Hardangervidda, der simleprøven kom fram på overtid i haust. Eigentleg er det meir spørsmål enn svar, sjølv frå forskarhald.
Det som ligg bak dagens skrantesjukestrategi er eit ynskje om å kontrollera naturen gjennom å visa at dei er handlekraftige, der tekniske modellar, press frå EU og landbruksomsyn, gjev nok kjøt på beinet for å trakka einspora vidare. Dei tekniske modellane som anbefalingane støtter seg på, kan på godt norsk tolkast som «shit in, shit out» – altså, lite truverdig når kunnskapsnivået er deretter. Mange på møtet venta nok òg spent på at MT skulle koma med ein suksesshistorie med å kurera sjukdom hos ville dyrebestandar, men der vart ein òg skuffa. Her på berget, har dei med statens godkjenning fått ein internasjonal ansvarsart på nord-Europas største tundra, til elddåpen for sitt biologiske eksperiment. Dei er dømde til å mislykkast, noko historia støtter opp om.
Jegerar som verktøy
Utvalssekretæren kunne entusiastisk fortelja om ei historisk mengde felte dyr, og historisk låg bestandsstorleik. Bak alt dette ligg det knallharde verkemiddel, endelause kvotar og svært lojale jegerar, der over 90 % testa sine felte dyr. Sjølv ein statistikar hadde gitt tommel opp.
Trass i det ein definerer som eit vellukka samarbeid mellom jegerar, verkemiddel og forvalting – har Villreinutvalet for Hardangervidda blåst med vinden og støttar så opp om anbefalingane frå MT og MD. Det er vanskeleg å tru anna enn at utvalssekretæren på neste haustmøte får langt dystrare statistikkar å presentera, dersom det blir politisk gjennomslag for å driva vinterjakt i nasjonalparken. I eit samarbeid, der ein frå sentrale direktorat framsnakkar jegerane, og påpeiker kor avhengig ein er av desse som verktøy i handteringa, risikerer ein med dei leverte anbefalingane å få ein boomerang tilbake.
Tynnsliten tillit Etter fleire år med sjukdomsbekjempelse som styrer villreinstamma mot kanten av stupet, ligg tillita til forvaltningsmyndigheitene med knekt rygg, og dei nyaste anbefalingane om vinterslakt er ei direkte krigserklæring, ikkje berre mot villreinbukkar, men også mot jegerane. Villreinen er kulturarv, og villreinjakt likeså – for nokon er det to årstider i livet, før og etter jakta. Det kokar i jegermiljøet, og som eit resultat av jegeropprøret med opphav i Hardangervidda vest, er det teke ord for organiserte jeger- og prøvetakingsboikottar som ei motgift mot anbefalingane. Ein risikerer at generasjonar av villreinjegerar og andre naturvener som soknar til Hardangervidda, vil sky dei ansvarlege forvaltingsorgana som pesten for framtida. Jegeropprøret på Hardangervidda har nasjonalt potensial til å spreie seg raskare enn si eigen skugge når ein ser direktoratas framferd i villreinområda, på leit etter sjukdom. Den forståinga direktorata søkjer for harde tiltak, verkar til å vera totalt fråverande, over heile landet. Og kor interessert vil dei i Setesdalsheiane, Forellhogna, Rondane, eller hjort- og elgjegerar, bli i å levera CWD-prøvar, når dei ser galskapen som er sett i system på Hardangervidda? Er MT og forvaltningsmyndigheitene faktisk opptekne av samarbeid, eller er det berre til innhald i festtalar? Det kan kosta dyrt å bryta siste rest av tillit hos jegerane.
Ryggrad
Den desidert lengste applausen frå møtet på Geilo, vart fortent retta til Villreinnemnda sin tydelege leiar, Endre Lægreid. På eit diplomatisk- og løysingsorientert vis klarar han å formidla at ein må kunna ha fleire tankar i hovudet – alvor og fornuft, moral og dyrevelferd – element som er ein internasjonal ansvarsart som villreinen verdig. Det skulle vore fleire av Endre sitt kaliber i norsk villrein- og naturforvalting, og nemnda sitt rakrygga standpunkt mot vinterjakt bør i politiske miljø bli vektlagt særs høgt.
Politisk spel
Saka skal i desse dagar opp til politisk behandling hos landbruk- og matdepartementet (SP) i ei rådføring med Klima- og miljødepartementet (AP). Alle ordførarane rundt Hardangervidda har gått einstemmig i mot vinterjakt. Statens direktorat brukar no landbruket som nyttige idiotar når anbefalingane vert forsvart, og dette sviket mot eigne røter frå tamreinnæringa er forkasteleg i høgste potens. Som igjen visar at alle er seg sjølv nærast. Den ansvarlege statsråden sit i regjeringa som nyleg la fram «Kvalitetsnorm for villrein», eit lovfesta vern for å gi villreinen høgste prioritet. Men allereie før blekket på norma har størkna, er det fare for at landbruk skal trumfa Europas største og viktigaste bestand av villrein. Dersom ei AP/SP regjering til slutt gjer knefall for Mattilsyn, tamreinnæring og især EU-byråkratar – vil det vel neppe fungera som indremedisin for å halda på stumpane av veljarar.
Og når vi ventar på at ei politisk avgjersle skal klubbast, gjer urdyret vårt slik dei har gjort gjennom titusen-år, vandrar fredfullt rundt på tundraen, med fokus på energisparing for å klara seg gjennom vinteren. Lite anar dei om at SNO allereie pussar våpena, klargjer snøskuterane og helikoptertransporten – der dei forberedar eit helvete på vidda.
Eit mareritt verker å vera i anmarsj. Tek dei frå oss villreinen, sit vi att med vêret og vinden.
Vekk meg, er du snill.