Opphevar fredningssonane ut reinsjakta

Villrein.

Villrein. Foto:

Eidfjord, Røldal og Ullensvang fjellstyrer opnar fredningssonane frå søndag morgon og ut jakta.

DEL

Frå torsdag 13. september vart det opna for samjakt mellom Røldal, Ullensvang, Eidfjord og Odda.

Årsaka er at ein vil sikra nok CWD-prøvar.

Fredag kveld melder Torleif Fresvik, leiar i Røldal fjellstyre, at ein frå søndag 16. september klokka 7 opnar dei vanlegvis freda områda i statsålmenningane.

Opninga gjeld ut jakta, altså til 23. september klokka 19. 

Les og: - Ein er nøydt å freda ein del av sitt eige areal dersom ein ønsker at andre vald skal bidra med freding

Det betyr at dei som har kort i statsålmenningane fritt kan jakta villrein utan å ta omsyn til korridorar og grenser i Hordaland.

Artikkeltags