Merkar villrein i Nordfjella med GPS-sendarar

Av

Inntil fem villreinar i Nordfjella sone 2 skal merkast med GPS-sendarar. Formålet er å overvake og kartleggje rørslene til villreinen, for å unngå at han vandrar inn i sone 1.

DEL

Landbruks- og matdepartementet avgjorde å følgje dei faglege råda om uttak av villreinstamma i Nordfjella sone 1 etter at skrantesjuke er påvist.

Villreinbestanden der er no teken ut, men med omsyn til smittefaren er det viktig at dyr frå sone 2 ikkje trekkjer inn i området under den komande brakkleggingsperioden. Det vil bli ført omfattande tilsyn for å hindre at dette skjer.

– I periodar med dårleg vêr er det ikkje mogleg å gjennomføre tilsyn. Sone 2 er relativt smal, så dyr på trekk kan flytte seg svært raskt gjennom heile området. Derfor er det heilt nødvendig å kunne følgje villreinen i sone 2 ved hjelp av elektronisk overvaking gjennom fasane med brakklegging og etablering på nytt, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Dyr som eventuelt vandrar over til den "ureine" sone 1 vil bli felt.

For å unngå problem med ising på merkehalsbanda skal det nyttast ein annan type sendarar enn det som er brukt tidlegare. Dei nye er blant anna utstyrt med dobbelt sett med drop-off. I tillegg vil Miljødirektoratets feltpersonell i Statens naturoppsyn (SNO) etablere gode rutinar for visuell kontroll av dyra med sendarar så dei raskt kan setje i verk førebyggjande tiltak.

– Dyrevelferda i samband med å merke dyr i dette området er grundig vurdert. Vi kan sjølvsagt ikkje garantere at vi unngår ising med nye halsband, men uvissa blir minimalisert med nytt materiell og nye rutinar, seier Hambro.

Når brakkleggingsperioden er over, skal villreinbestanden i Nordfjella sone 1 bli etablert på nytt. Det er viktig at desse dyra er frie for skrantesjuke og helst er av same opphav som dyra som levde i Nordfjella sone 1. Derfor skal det drivast over dyr frå Nordfjella sone 2, gitt at bestanden der blir friskmeld for skrantesjuke.

Artikkeltags