Gå til sidens hovedinnhold

Vil snu trenden – håpar å fange interesse med nye aktivitetar

Odda IL har i fleire år hatt fråfall i tal medlemmer. No vil dei snu trenden.

Odda IL introduserer allidrett for å rekruttere fleire medlem. I starten skal dei halde rekrutteringskveldar i Oddahallen.

Det startar onsdag neste veke.

I det nye tilbodet, allidrett, vert det fokus på allsidigheit, leik og det sosiale under trening.

– Me skal ha aktiviteter som basketball, volleyball, innebandy, frisbee golf, slåball og vidare, skriv Asle Lægreid i Odda IL i ein e-post til Hardanger Folkeblad.

No håpar Odda IL å fange interessa til fleire, og ikkje minst litt eldre ungdom «som i dag gjerne sit mykje på PC og telefon».

– Me startar forsiktig opp i august med trening ein dag i veka, og har fått eit trenarteam på åtte personar frå 1. og 3. trinn på vidaregåande.

Bakgrunnen for det nye tilbodet er svakare rekruttering av born og unge, og fråfall i idretten i ung alder.

Kommentarer til denne saken