Gå til sidens hovedinnhold

Vil selja Rosendal Event

Artikkelen er over 1 år gammel
(Kvinnheringen)

– Det er med tungt hjarte vi er komne fram til avgjersla om å legga Rosendal Event ut for sal. Nyleg påvist alvorleg sjukdom har snudd opp-ned på liva våre, og framover kjem naturleg nok dette til å ta det meste av merksemda vår. Derfor håpar vi at nokon andre eldsjeler har lyst til å satsa vidare på dette hjartebarnet vårt, som har gitt oss så mykje glede, mange nye bekjentskap og spennande opplevingar sidan vi starta det opp i 2016.

Dette melder Laila Hervold Langesæter og ektefellen Sjur Langesæter i ei pressemelding tysdag.

Det står elles dette om bedrifta deira i pressemeldinga:

– Rosendal Event AS har i dag stor aktivitet frå tidleg vår til seint haust. Vi har godt med utstyr for alle slags opplevingar og aktiviteter, eit stort kontaktnett innan reiseliv, bedrifter og det offentlege, og vi har allereie mange bestillingar for sesongen som kjem. Vi ser eit stort potensiale for å driva Rosendal Event vidare i ein flott kommune som Kvinnherad med spektakulær natur og mange kulturtilbod. Høyrest dette spennande ut, så ta kontakt. Vi vil setja stor pris på om nokon vil driva Rosendal Event vidare.

Les også

Erlend Nymark Jensen (26) fekk legejobben ved Husnes Helsesenter

Kommentarer til denne saken