Frå 1. januar 2020 er det nye operatørar på fleire ferjesamband i Hordaland. Fjord 1 tek over Jondal- Tørvikbygd og Boreal Sjø opererer Utne-Kvanndal og Utne – Kinsarvik.

Og frå årsskiftet er det Skyss som tek eit større ansvar for kundekontakt og informasjon om ferjene.

Skyss melder at dersom ein ynskjer å motta sms-varsel ved avvik, må ein oppretta nytt abonnement.

Her er link til gratis sms-teneste frå Boreal: https://www.boreal.no/abonner-pa-trafikkmeldinger/hurtigbat-og-ferge/

Fjord 1 oppgir ikkje kostnad på sms-tenesta si: https://www.fjord1.no/Trafikkmeldingar/Motta-SMS-med-trafikkmeldingar

Frå nyttår vert det gratis for gåande å reisa med ferja: Alle gåande, syklande og passasjerar i bil og buss reiser gratis.