– Å driva anlegget med ein tredjedel av den staben ein hadde tidlegare, samstundes som me aukar produksjonen, er eine og åleine grunna dyktige tilsette. Dette gjer at me har eit lågt kostnadsnivå, og dermed kan nytta litt pengar på marketing, seier Remi Goulignac, som er eigar og konsernsjef i United Bakeries.


Isklar vart etablert i 2008, og gjekk konkurs i 2011. Goulignac kjøpte konkursbuet, og i 2013 skreiv Hardanger Folkeblad at målet var at dei då fire tilsette skulle tappa kring sju millionar liter vatn i året.


Før konkursen var det opp mot 17 som jobba ved fabrikken, som tidlegare har vore både bryggeri og ullvarefabrikk. No er det seks tilsette, og i fjor omsette dei for 25 millionar kroner.

Vil ha fleire tilsette

– Dette er dobbelt så mange tilsette som då me overtok verksemda for 2 ½ år sidan. Me reknar med at talet på tilsette vil auka i tida framover som eit resultat av auka etterspurnad etter Isklar-produkta, seier Lars Günther.


Han er administrerande direktør i United Bakeries Norway AS, som altså eig fabrikken på Hovland.


Dei sponsar mellom anna langrenn, triatlon, Isklar Norseman og ikkje minst Bocuse'dOr Norge, som nyleg vann VM.

Vekst

– Eg trur ikkje noko vassmerke har tatt ein så markant posisjon som me har gjort i høve til dette. Vatn og toppidrett heng saman, kommenterer Goulignac.


Isklar sponsar mellom anna Therese Johaug og Magnus Carlsen, og flaskene er ofte synlege når desse to er på TV. Gründeren meiner at det var ein ledig posisjon innan dette, og at Isklar no har fylt den.


– Me har ikkje det største budsjettet, så det er bra at me har gode ambassadørar som Therese og Magnus. Dei er stolte av å nyta Isklar, fortel han.


Samstundes som Goulignac altså rosar både tilsette og dei såkalla ambassadørane, understrekar han også at produktet er bra. Günther viser til at omsetnaden vaks med 150 prosent i 2014 i høve til året før, og at dette ser ut til å halda fram i år.

Spanande

– Isklar si utvikling har vore utruleg spanande. Fantastiske tilsette og eit av det beste vatna i verda skaper vekst, seier gründeren sjølv, med glimt i auga.


Planane framover er å auka variantane av Isklar med smak, og å jobba for ein enno breiare distribusjon i Noreg. No kan ein få kjøpt vatn frå Folgefonna i over 4500 utsalsstader i landet. Før konkursen vart det satsa mot utlandet, men no fokuserer dei mest innanlands.


– Me gler oss stort over utviklinga, og det verkar som om at heile Noreg no har fått opp auga for Isklar frå Hardanger. Salet ut av butikk er veldig bra, avsluttar Günther.