Ber kommunen undersøke kor mange foreldre som vil sende borna til Odda

Vikebygd skule: I desember skal skuleframtida på vestsida av Sørfjorden avgjerast.

Vikebygd skule: I desember skal skuleframtida på vestsida av Sørfjorden avgjerast. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

I desember skal skuleframtida på vestsida av Sørfjorden avgjerast. No har skuleaksjonsgruppa i Vikebygd sendt brev til administrasjonen med spørsmål dei meiner treng svar før saka kan avgjerast.

DEL

Skuleaksjonsgruppa i Vikebygd: – I fjor vart spørsmålet utsett og administrasjonen fekk i oppgåve å greie ut ein del spørsmål. Då saka kom opp att i september var dei framleis ikkje svart på. Endå ein gong fekk administrasjonen i oppgåve å greie ut, no før desember. Difor sende vi brevet. For å fatte eit vedtak som vil styrke skulen på vestsida meiner vi politikarane treng svar på desse spørsmåla, seier talsperson for aksjonsgruppa Marianne Kvestad.

Ho er ei av fem personar frå Vikebygd som har skrive under på brevet som tidlegare denne månaden vart sendt til både politikarane og administrasjonen i Ullensvang herad. Ho er usikker på kva dei får svar på.

– Rådmannen sa i heradstyret at det er avgrensa kva dei rekk å greie ut før desember. Difor er vi spente på kva vi ender opp med å få svar på. Eg veit ikkje kva dei rekk å undersøke på så kort tid, men dei har ialfall fått eit klart mandat. Difor ønsker vi å sende ein beskjed til både politikarar og administrasjonen.

Avgjerande spørsmål

I brevet kjem dei med fleire innspel til administrasjonen som dei meiner politikarane må få svar på før behandlinga i heradsstyret, mellom anna knytt til SFO-skyss til og frå Hauso, trafikktryggleiken rundt skulen, kvar kulturtilbodet vil vere, og om uteområdet på Hauso vil fungere dersom det vert 130 elevar etter samanslåinga.

– Dette er spørsmål som vil vere med å avgjere om foreldre i Vikebygdkrinsen kjem til å sende borna sine til Odda etter samanslåinga, difor er det viktig at politikarane får svar på dei før dei skal avgjere skuleframtida på vestsida. Dei treng eit solid grunnlag for å ta ei god avgjerd som vil styrke skulesituasjonen, seier Kvestad.

Det kjem og fram i brevet. Der ber dei administrasjonen undersøke kor mange av foreldra i Vikebygd som vil sende borna til Odda dersom Vikebygd skule vert nedlagt og elevane flytt til Hauso. Samtidig meiner dei at administrasjonen bør undersøke om foreldra i Vikebygd stiller seg annleis dersom det vert bygd ein ny skule på Aga. I brevet står det:

«Me meiner det er viktig å få fram dette, sidan vedtak for eventuell utviding av Hauso skule elles kan verte fatta på feil grunnlag. Om mange foreldre flyttar ungane sine til Odda, er det gjerne ikkje behov for utviding av skule på Hauso.»

– Dei bør ikkje gjere vedtak utan å vite korleis foreldra stiller seg. Går dei for skule på Hauso og mange i Vikebygd vel å sende borna sine til Odda blir det veldig feil. Det er ikkje slik at Vikebygd ikkje ønsker ein samla skule på vestsida, og formålet med dette er ikkje å syte og klage. Men kvardagen styrer og kabalen må gå opp, seier Kvestad.

Barnas beste

Ho og resten av aksjonsgruppa er uforståande til det dei opplever som skuldingar om at dei i Vikebygd ikkje tenker på barnas beste.

– Det har vore hevda, og vi stiller oss svært undrande til det. Det er sjølvsagt til det beste for borna at vi ønsker at politikarane får tilgang til mest mogleg fakta og utgreiing før dei fattar eit vedtak. Vi reknar med at alle har det same målet i denne saka, ein best mogleg skule og kvardag for borna på vestsida.

Artikkeltags