– Det nærmar seg ein historisk låg bestand. No er vi truleg der vi var i 2004, anslår Svein Erik Lund som er sekretær for Villreinutvalet.

Under Haustmøtet for Hardangervidda villreinområde tok han for seg både årets jakt, og det større perspektivet kring villreinstamma. Ein anslår at det vil vera 4.500 dyr på vidda før kalving i 2023, noko som står i kontrast til det tidlegare målet om å ha ei stamma på minst 10.000 vinterdyr.

– Vi har vore her i nyare tid, og såg det gav nokon utfordringar som vi ikkje har når det er 10.-15.000 dyr. Reduksjon har vore viktig når ein skulle handsama skrantesjuka, kommenterte Lund.

Meir motstand

Han la til at 4000 er mykje samanlikna med andre villreinområde, men lite for Hardangervidda. Bakgrunnen for det høge jaktuttaket er funnet av skrantesjuka, der ein har sett reduksjon av bestanden og minimalisering talet på vaksne bukkar som eit verkemiddel for å hindra spreiing av sjukdomen.

CWD/skrantesjuke

Skrantesjuke, eller Chronic Wasting Disease (CWD), er ein prionsjukdom som i fleire tiår har vore kjent hos hjortedyr i Nord-Amerika. I 2016 blei denne alvorlige dyresjukdommen for første gang påvist hos villrein og elg i Noreg, og i 2017 blei den og påvist hjå hjort.

Skrantesjuke har som kjenneteikn gradvis tap av nerveceller i hjernen, nevrologiske symptom og avmagring, og endar alltid med døden.

Kjelde: www.vetinst.no

– Jaktstart vart 15. august, og ikkje 10., som var foreslått. Vi såg at det var meir motstand mot høg kvote, forklarte Lund om bakteppet for årets jakt.

Tidleg jaktstart, høge kvotar og tilgang på GPS-posisjonar har vore nokon av verkemidla for å sikra høg felling, og særskild det siste har skapt debatt. Ein del GPS-merka vart felt, og enkelte har meint at dette har vore målretta protestar.

– Vi skulle ha eit høgt jakttrykk og fella mykje dyr, men det har ein høg kostnad, kommenterte sekretæren som trur at tiltaka vil verta annleis neste år.

Stygg jakt

Sveinung H. Olsnes, som er seniorrådgjevar i Statens naturoppsyn, stadfesta at det vart felt ein del merka dyr. Dei opnar for at fargen på banda kan gjera det vanskeleg for jegeren å sjå merkinga.

– Det var ein del stygg jaktutøving, og skadde dyr vart avliva, opplyste Olsnes.

Han la til at dyra i haust og året før har flytta veldig fort på seg, som lagar utfordringar for oppsynet. Det som før tok ein dag eller to, kan no vera unna på nokre timar.

– Me er ikkje der det skjer, og vi kan diskutera kvifor det er slik. Oppsynsmannskap har peikt på at jegerane sin tilgang på dyreposisjonar, kan vera ei hovudårsak, sa Olsnes.

Det skal ha kome tilbakemeldingar frå jegerar som meiner at GPS-merkinga, og tilgang på dette, ikkje bør halda fram då det stressar dyra.