Formannskapet tilrår auke til veterinærane

Politisk sak: Driftstilskot er inne i ny runde.  Arkivfoto

Politisk sak: Driftstilskot er inne i ny runde. Arkivfoto

Artikkelen er over 1 år gammel

Formannskapet i Ullensvang tilrår heradsstyret å fatta vedtak om å auka driftstilskotet til veterinærane, på likt nivå med det rådmannen rår politikarane til.

DEL

Formannskapet var samrøystes i si tilråding til heradsstyret då dei handsama sak om driftstilskot måndag. Tilrådinga inneber ein auke på 150.000 kroner i årleg driftstilskot til veterinærane frå Ullensvang herad for 2018 og 2019, sett opp mot vedtaket om nivå på driftstilskot fatta i mai i år. I tilrådinga frå formannskapet står det: «Ullensvang heradsstyre aukar sin del av driftstilskotet til veterinærane frå 300.000 kroner til 450.000 kroner, under føresetnad av at Odda kommunestyre gjer likelydande vedtak».

Formannskapet la til teksten etter kommaet i setninga. Dei la òg til setninga: «Samla tilskot for vaktdistriktet er 900 000 kroner».

– Det stod ingenting om samla tilskot for vaktdistriktet i saka, difor la me det til, seier ordførar Solfrid Borge i Ullensvang.

Årsaka til at heradsstyret den 18. desember vert tilrådd å auka tilskotet, er at Eidfjord kommune trekkjer seg ut av ordninga, og ikkje kjem til å yta 300.000 frå neste år. Veterinærane mistar ein del av inntektsgrunnlaget sitt når Eidfjord går ut.

Artikkeltags