Lastebilar står for veksten i godstrafikken mellom aust og vest

Godstransporten mellom aust og vest har sidan 2010 – då førre kartlegging fann stad – auka med 100.000 turar.

Godstransporten mellom aust og vest har sidan 2010 – då førre kartlegging fann stad – auka med 100.000 turar. Foto:

Av

Vegtransport står for heile veksten i godstrafikken på Vestlandet dei siste sju åra. Bane og sjø går tilbake. Det viser ei ny undersøking frå Statens vegvesen.

DEL

Godstransporten mellom aust og vest har sidan 2010 – då førre kartlegging fann stad – auka med 100.000 turar. Totalt vart 46 prosent av alt gods til og frå Vestlandet frakta på vegen i fjor, mot 39 prosent i 2010.

Samtidig viser undersøkinga at sjøtransporten har gått tilbake med 7 prosent frå 49 til 42 prosent i same periode. Godstransport på bane har omtrent ikkje hatt nokon vekst.

– Desse tala betyr ikkje at det går mykje mindre gods på bane og sjø enn tidlegare. Vestlandet har hatt god vekst i godsmengdene totalt sett, men nesten all vekst skjer på vegnettet. Særleg på fjellovergangane ser vi ein vekst, seier senioringeniør Bjarte Børtveit i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Artikkeltags