God eplehaust i vente

Eplebøndene kan i år rekne med å produsere eit samla resultat på rundt 8.000 tonn eple.

Eplebøndene kan i år rekne med å produsere eit samla resultat på rundt 8.000 tonn eple. Foto:

Av

Det ser ut til at det blir mykje eple i år. Spesielt ser eplehausten på Vestlandet veldig lovande ut. Litt verre blir det for pærehausten.

DEL

Eplebøndene kan i år rekne med å produsere eit samla resultat på rundt 8.000 tonn eple, fortel Leif Øye frå Grøntprodusentenes samarbeidsråd til forsking.no.

Fruktrådgivar ved Landbruksrådgiving Vest, Endre Bjotveit, fortel at hausten ser god ut for alle sortar eple.

– Generelt er eplehausten veldig lovande her på Vestlandet. Alle sortar har godt med eple. Trass i at det nokre stadar på Vestlandet var litt kaldt akkurat på eit kritisk punkt i blomstringa, ser ein lite frostskadar i år, forklarer Bjotveit.

I 2018 hadde både plommene og morellane rekordår. Det blir ikkje like bra i år, men det er gode utsikter for plommene. Spesielt plommesorten Opal lovar godt. Morellavlinga ser ut til å gå litt ned, og vil nok levere 60 prosent av 2018-avlinga.

Pærene sviktar i 2019. Den populære pæresorten Ingeborg er det nesten ingenting av i år, og det blir generelt mykje mindre pærer i år enn i 2018, ifølgje Grøntprodusentenes samarbeidsråd.

Artikkeltags