Vestlandsfylke vil samarbeida om kraftturisme

Ilustrasjonsfoto

Ilustrasjonsfoto

Av

I noverande Hordaland fylke blir Røldal, Odda og Tyssedal trekt fram, medan Høyanger kraftverk og Høyanger Industristadmuseum er spesielt prioritert i noverande Sogn og Fjordane fylke.

DEL

Går det som fylkeskommunane Vestland og Rogaland håpar på, kan kraftturisme bli eit nytt satsingsområde i indre delar av Vestlandet.

Dei to fylkeskommunane er no i startfasen med å utvikla eit samarbeidsprosjekt med arbeidstittelen «Kraftturisme – opplevingar i det vestnorske kraftlandskapet».

Bakgrunnen for satsinga er at ingen andre stader i Noreg har så mange plassar som på kort tid blei heilt forandra gjennom kraft- og industriutbygging på 1900-talet. Endringane var så store at heile landskap vart omdanna til kraft- og industrilandskap, heiter det i eit samandrag om prosjektet.

No ønskjer dei to fylkeskommunane å finna ut om det er marknad for å satsa på kraftturisme og leggja til rette for opplevingar i det vestnorske kraftlandskapet. For å få svar på det, er det i første omgang sett av 150.000 kroner til eit forprosjekt.

Som ein del av forprosjektet blir det no lyst ut ein anbodskonkurranse. Målet er at det reiselivsselskapet som vinn anbodet, skal skriva ein rapport og hjelpa fylkeskommunane å vurdera om ideen er noko å gå vidare med.

Tiltak for å spreia turisme

Seniorrådgjevar Tor Andreas Titlestad hos Fylkeskonservatoren i Hordaland håpar det er marknad for tiltaket. Han peikar mellom anna på at nye Vestland fylke har eit mål om å få fleire besøkjande til område der det er underturisme, og meiner dei aktuelle områda i dei to fylka representer store opplevingar.

– Vi som arbeider hos fylkeskonservatoren er sjølvsagt begeistra. No håpar vi også fleire kan bli det, seier Titlestad til Nynorsk pressekontor

Sjølv har han stor tru på kraftturisme og viser mellom anna til at det finst eit eige europeisk nettverk for dei viktigaste industrielle kulturminna i Europa – European Route of Industrial Heritage (ERIH). Fleire stader i Noreg er allereie plotta inn på kartet.

Vekt på indre strøk

Det er særleg i indre delar av Vestlandet at fylkeskommunane ønskjer å finna ut om det kan vera grunnlag for å satsa på kraftturisme. I kvart fylke er det plukka ut ei rekkje stader som kan vera aktuelle å leggja til rette for opplevingar. Innanfor desse er det igjen laga ei prioritert liste

Dei prioriterte områda i Rogaland er mellom anna Industriarbeidarmuseet/Åbø-byen i Sauda, Storlivatn dam – Svartavatn dam, Suldal 1 kraftstasjon – Energihotellet i Suldal.

I noverande Hordaland fylke blir Røldal, Odda og Tyssedal trekt fram, medan Høyanger kraftverk og Høyanger Industristadmuseum er spesielt prioritert i noverande Sogn og Fjordane fylke.

Artikkeltags