Senterpartiet tredje største parti på Vestland-måling

Av

Senterpartiet får nesten kvart sjette mandat i Vestland fylkeskommune på ei valmåling. Arbeidarpartiet taper kraftig.

DEL

Det nye fylkestinget i Vestland vil bestå av 65 representantar, og ein må ha 33 for å få fleirtal.

Senterpartiet får ti mandat på målinga, som er utført av Respons for Bergens Tidende få dagar før valet. Fylkesordførarkandidaten til Senterpartiet Jon Askeland er strålande fornøgd.

– Dette er moro. No svingar det. Ja, vi er i ein fantastisk forhandlingsposisjon, seier han til avisa.

For Arbeidarpartiet og Høgre verkar det nesten umogleg å komme utanom Sp i jakta på eit fleirtal, om valresultatet blir som målinga, skriv BT.

Den største taparen i målinga er Arbeidarpartiet. Medan Senterpartiet får ei oppslutning på 15,5 prosent på målinga, som er ein auke på 4,3 prosentpoeng frå førre val, får Ap 21,7 prosent. Det er ein nedgang på heile 10,5 prosentpoeng frå førre val.

Høgre aukar derimot på målinga. Partiet går fram 1,2 prosentpoeng frå førre val, og dei er no på 20,8 prosent.

For dei andre partia i Vestland enda det slik i målinga, med førre valresultat i parentes: Raudt 3,5 (+1,9), SV 6,1 (+1,4), MDG 6,2 (+1,1), Venstre 2,6 (-2,5), KrF 3,9 (-3,3), FNB 6,9 (+6,9), Frp 11,2 (+0,4), PDK 1,3 (+1,3), Andre 0,3. 600 personar vart spurde i perioden 28. august til 3. september.

(©NPK)

Artikkeltags