Vestland skal lage strategi for e-sport

Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto.

Av

Med 63 mot 2 stemmer har Fylkestinget i Vestland vedtatt at fylkeskommunen skal lage ein plan for å legge til rette for dataspel og gaming i det nye fylket.

DEL

I ei pressemelding frå Vestland Frp kjem det fram at Fylkestinget i Vestland har vedtatt at fylkeskommunen skal utarbeide ein strategi for e-sport i fylket, skriv Stavanger Aftenblad.

Strategien skal kartlegge korleis fylkeskommunen kan bidra til etablering og drift av lokale og regionale øvingslokale og møteplassar for spelarane og bidra til meir kunnskap og kompetanse om dataspel og e-sport i samfunnet.

Forslaget vart lagt fram av Frank Willy Djuvik (Frp), som har mål om at dataspel og e-sport blir likestilt med andre fritids- kultur og idrettstilbod.

Artikkeltags