Gå til sidens hovedinnhold

Verna til døde

For abonnentar

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Var overskrifta på kronikken i Bergens Tidende som vår lokale og prislønte samfunnsrefsar Ingebjørn Bleidvin, skreiv den 8. august då. Ein særs tankevekkande kronikk om formyndarveldet generelt og vernegalskapen spesielt. Synd at ikkje desse orda kom i BT då slaget om Smelteverket sto i 2003, den gong fekk vernarane Tryti og Ekerhovd full ryggdekning i BT, utan motmæle. Den einaste som sto fram og fastslo at denne verninga var galemattis og totalt mangla eit fagleg og akseptabelt grunnlag, var professor Frank Aarebrot.

I dag ser dei fleste galskapen i at meir enn 1/3 av sentrumsarealet i Odda er bandlagt og utan lokalpolitisk styring. Odda er nekta ein framtidsretta infrastruktur ved at riksvegen ikkje får leggast om Smelteverks-tomta. At tungtrafikken skal i all framtid i staden dundre gjennom tettstaden. Ein busstasjon i kjellaren i ei smelteomnsruin er derimot midt i blinken for fylkeskommunen og vernebyråkratane som lovar store summar til denne galskapen.

To nye «industribygg» er det derimot gitt plass til på tomta. Resultatet har ikkje akkurat blitt signalbygg og flott arkitektur. Arven etter Smelteverket skal tydelegvis leve, og vidareførast i form av kommunale byggeføresegner der kravet er «industrielle fasadar og industriell utforming» på alt som skal byggast i Odda.

Verninga av ein kalksteinssilo, ein defekt, farleg taubane og eit saneringsmodent lagerbygg med rusta bølgeblekktak, stansar effektivt utvikling av strandområdet i byen. Samstundes er det eit stort underskot av leilegheitsbygg og moderne bustader, tomteland er ikkje å oppdrive.

Kor lenge kan eit levande lokalsamfunn finne seg i denne tvangstrøya som er pålagt Odda by av vernebyråkratar utanfor ein kvar demokratisk kontroll og innflytelse?

Hadde det ikkje vore for Leif Einar Lothepus og Jostein Soldal som verkeleg har sett Odda og Ullensvang på kartet hadde det sett mørkt ut både for sjølvkjensla og samfunnsutviklinga her inne i fjordarmen. Vår fargerike og taleføre ordførar Roald Aga Haug må også nemnast i dette selskapet.

Kommentarer til denne saken