– Det er ikkje alle som har byrja planlegga kva dei skal gjera i 2017, men vi har i aller høgaste grad det, sa Harald Victor Hove, med bakgrunn som politikar i Bergen.

Les og: Aksjonsgruppe vil ha 25 000 kroner

Han og styret har lagt opp eit tett program fram mot juni 2017 når Nasjonal Transportplan 2018–2029 (NTP) vert banka gjennom. Styret for selskapet har vedteke ein strategiplan, der det store målet er å ha ei tunnelløysing på plass i første planperiode av NTP.

– Det går kast i kast og det går relativt raskt i den perioden vi er inne i no, sa Hove.   

Håpar på ein tredje veg

Det mest interessante akkurat no er kva som kjem fram den 1. juli når ein får svar på kva statsråden sender ut på høyring etter arbeidet med KVU (Konseptvalutgreiing) for strekkja mellom Hardangerbrua og Gol. KVU er ei fagleg statleg utgreiing i tidleg fase for store vegprosjekt.

– Statsråden kjem til å senda ut to, forhåpentlegvis tre løysingar, sa Hove.

Les og: Bergenspolitikerne vil ha KVU mellom Odda –Bergen

 Ei løysing med korte tunnelar langs dagens strekk. Då reduserer ein talet på stengde timar med i overkant av tusen til nærmare fem hundre. Det andre er ein ny verdsrekord med tunnel på 28,5 kilometer som vil gi hundre prosent vintersikker veg til ein plass mellom 8,3 og opp til 10 milliardar kroner.

– Men det finst ein gyllen middelveg. Det håpar vi KVU skal opna for. Ein langt kortare tunnel på 17 kilometer vil gi vintersikker veg, og vil vera mogleg å forsvara sjølv om Rv. 7 ikkje vert ein av dei prioriterte fjellovergangane, sa Hove.

Få fram samfunnsnytte

Hove skal presentera eit rekneskap som finansdepartementet kan sjå den   positive netto samfunnsnytte av. 

Eit mål om lågutsleppssamfunn i 2050 er den overordna strategien for all vegutbygging.

Les og: Fylkesutvalet prioriterer to samband mellom aust og vest

– Det er ikkje nødvendigvis negativt for den strekkja vi arbeider for. Redusert stigningsgrad, sjølv med Måbødalen og kortare reiseavstand, betyr veldig mykje for klimarekneskapen, sa Hove som meiner Rv. 7 står i god konkurranse med dei andre fjellovergangane i klimasamanheng.

– Det er få prosjekt som kan foreina slik Rv. 7 gjer. Både miljø-, naturvernarar og veginteresserte er einige om at dette er ei god løysing, sa han. 

 Hove freistar òg å visa kor viktig Rv. 7 er for reiselivet.