Brei støtte for arm til Bergen

Einigheit: Det var brei partipolitisk einigheit om å støtta E134 som nasjonalt hovudvegsamband med arm til Bergen.

Einigheit: Det var brei partipolitisk einigheit om å støtta E134 som nasjonalt hovudvegsamband med arm til Bergen. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Fylkesutvalet meiner det snarleg bør settast i gang arbeid med KVU for diagonal frå E134 mot Bergen.

DEL

Fylkesutvalet har følgt utval for miljø og samferdsle si innstilling til høyringsuttale til KVU for Rv7 og Rv52.

Denne viser til at E134 er valt til nasjonalt hovudvegsamband mellom Vestlandet og Austlandet, og at E134 med arm til Bergen er det einaste samfunnsøkonomiske lønsame aust-vest-konseptet mellom Oslo og Bergen.

Fylkesutvalet ber også om at det snarleg vert sett i gang eit arbeid med ein KVU for arm (diagonal) frå E134 mot Bergen.

Sikra villreinkryssing

For å sikra villreinkryssing og best mogleg vintersikkerheit op Rv7 over Hardangervidda meiner fylkesutvalet at det må vurderast å byggja Dyranuttunnelen.

I innstillinga viser fylkesutvalet også til at utbygging av Rv52 er samfunnsøkonomisk ulønsam. Dei legg derfor til grunn at E16 blir oppretthalde som det nordlege hovudsambandet mellom Vestlandet og Austlandet.

Nasjonal transportplan

Det vart fremja fire ulike alternative forslag i fylkesutvalsmøtet som vart halde på Hotel Ullensvang torsdag. Alle falt med få stemmer, og innstillinga frå utval for miljø og samferdsle vart derfor vedteke med breitt fleirtal. Miljøpartiet dei grøne ønska berre å støtte punkt to i innstillinga, som gjaldt arm til Bergen. Dette punktet blei støtta av alle partia utanom SV.

Resten av punkta vart vedteke med støtte frå alle partia utanom SV og MDG.

Hordaland fylkeskommune er berre høyringsinstans i denne saka, og ei endeleg høyringsuttale skal sendast til samferdsledepartementet i midten av desember. Dei endelege bestemmingane skal innarbeidast i nasjonal transportplan for 2018-2029.

Solid avklaring

- Eg legg spesielt merke til at armen til Bergen fekk endå breiare støtte i fylkesutvalet enn i samferdsleutvalet, seier Odda-ordførar Roald Aga Haug, som var til stades på møtet.

Han meiner det er gledeleg at både posisjonen og Frp og Høgre vel å støtta dette.

- Det er eit stort steg vidare, seier han.

- Dette er ei solid avklaring på at Hordaland fylkeskommune ønskjer E16 i nord og E134 i sør som hovudsamband mellom aust og vest, seier Aga Haug.

Artikkeltags