Det går fram av ei pressemelding om før handsaminga av budsjettet for 2023 og økonomiplanen for dei neste åra.
Vestland fylke har ansvar for 5600 km med fylkesveg, 2083 bruer, 287 tunnelløp og 76 ferjekaiar.
– Vi må tenkje praktisk. Sjå lengre strekningar under eitt og gjennomføre mindre punktutbetringar som kan bety mykje for sikkerheit og framkomme. Fjerne ein bergnabb her, lage ein ekstra møteplass der, kombinert med ny asfalt. Det er viktig med ein god dialog med kommunane om tiltak som ikkje krev omfattande planlegging, og som kan gjennomførast på kort sikt. Det er viktig å få pengane i arbeid raskt seier Sigrid Brattabø Handegard (Sp) og Arve Helle (Ap).
Målet til partia er at midlane i vegpakka skal vera nytta innan utgangen av 2025.