Planen har i tillegg til å fjerna flaskehalsen i trafikken som mål å betra tilbodet for mjuke trafikantar, etablering/flytting av busslommer, laga trygge kryssingspunkt for mjuke trafikantar, betre belysning, betra avkøyrsletilhøva, utbetring av kryss, betra parkeringstilhøve og generell opprusting av gatestrukturen.

Det er mange eigedomar som er råka av planarbeidet, og som HF tidlegare har omtala vert riving av einskilde bustader vurdert for å få til ei god løysing på utbetringa.

– Utviding av vegen og betre løysingar for mjuke trafikantar er ei samfunnsmessig god løysing. Vegen er i dag nytta av born og unge, og det er viktig at dei får ein trygg skuleveg, heiter det blant anna i oppstartsvarselet.

Fylkesveg 49 ved Egne Hjem hadde ein årsdøgntrafikk på 4200 bilar i 2020, om lag åtte prosent er tungtransport.

Planarbeidet skal spesielt vurdera problemstillingar knytt til trafikktryggleik, veg- og trafikksituasjon, parkering, eigedomsinngrep, naturfare, omsyn til naboar, kollektivtrafikk, støy- og luftforureining, folkehelse og born- og unge. Andre problemstillingar som og skal vurderast er strandsone, vassdrag, skule og barnehage, kulturminne, risiko og sårbarheit, landskap og estetikk.

Kommunen ber om at merknader og innspel som kan ha innverknad og/eller vera av interesse for planarbeidet vert sendt skriftleg innan 05.12.22.