Gå til sidens hovedinnhold

Varslar om øving og stengt tunnel

«Ullensvang brann og redning skal ha fullskala øvelse i Tyssedalstunnelen på riksveg 13 ved Odda tirsdag 30. november. Øvelsen vil finne sted mellom klokken 17.30 og 19.00», melder Statens vegvesen i ei pressemelding.

Vidare heiter det at tunnelen vil vera stengd i halvannan time, og at det vil verta leiarbil gjennom tunnel då det ikkje er lokal omkøyring. Tida før og etter stenging vil verta nytta til rigging og rydding.

«Statens vegvesen har etter søknad stilt tunnelen til disposisjon for Ullensvang brann og redning», heiter det vidare i pressemeldinga.

Kommentarer til denne saken