– Vi støttar dette fult ut, seier Johnny Vikne, som er leiar i Ullensvang fjellstyre, om det lokale jegaropprøret.

Bakgrunnen for jegaropprøret er at Mattilsynet og Miljødirektoratet råder til at skrantesjuka så langt som mogeleg vert handsama gjennom ordinært jakt, men samstundes opnar for vinterjakt på villrein. Vikne er ein av mange som meiner at villreinen no bør få ro, og oppmodar flest mogeleg til å ta turen til Geilo for å få fram dette bodskapet i samband med Hardangervidda villreinområde sitt haustmøte.

Det vil verta sett opp gratis buss frå Odda laurdag morgon, og på Geilo håpar opprørarane at representantar frå mellom anna Veterinærinstituttet, Mattilsynet og Miljødirektoratet vil få med seg motstanden. Både Røldal, Ullensvang og Eidfjord fjellstyre støttar opp om bodskapen.

– Det vert påstått at det er heilt sentralt at rettigheitshavarar og jegerar beheld interessa for jakt. Om dette er målsetninga, må ein ta jegerane sine meiningar og synspunkt på alvor. At dei no engasjerer seg for å synleggjere sine synspunkt rundt CWD handteringa trur eg vil vere viktig for at framtidige avgjersler vert fatta basert på rette premissar, kommenterer Tor Helge Haara Tjemsland, som er leiar i Røldal fjellstyre.

Dei som vil vera med på bussen laurdag kan ta kontakt med Mats Holtmoen innan onsdag morgon, eller melda seg på via Facebook. Arrangøren legg til at dei som ønskjer sjølvsagt kan køyra sjølve, det viktigaste er at ein får fram at det er eit lokalt opprør.