- Nyleg hadde vi ein utfordrande situasjon. No kan det oppstå noko liknande

Slik såg det ut førre gang det kom store mengder regn i Odda.

Slik såg det ut førre gang det kom store mengder regn i Odda. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Tysdag ventar meteorologane opp mot nitti millimeter nedbør i Indre Hardanger, det fører til stor snøskredfare og oransje aktsemdnivå for flaum og jordskred.

DEL

Ventar mykje regn og skredfare tysdag:Frå tysdag er det meldt mykje regn i Hardanger og på resten av Vestlandet. I Odda er det meldt opp mot nitti millimeter. Varselet om mykje nedbør fører til at farenivået for snøskred blir oppjustert til stor fare på tysdag og betydeleg på onsdag. Aktsemdsnivået for flaum og jordskred er sett til oransje for tysdag og onsdag.

Måndag skriv Odda kommune på sine nettsider at dei held auge med situasjonen.

- Vi bur i eit rasutsett område og har som oppgåve å ta vare på sikkerheita til innbyggarane. Nyleg hadde vi ein utfordrande situasjon. No kan det oppstå noko liknande. Vi har beredskap og ønsker å innformere innbyggarane om varsela som er, seier kommunalsjef for teknisk etat Anton Langeland

Måndag skriv NVE i ei pressemelding at dei frårår all ferdsel i skredterreng i dei områda med mykje nedbør tysdag. Dei ventar til dels store naturleg utløyste våte snøskred.

Artikkeltags