Vårvêret held fram, men laurdag kan det snu

Desse snøklokkene såg ut til å trives godt langs Ragdevegen i Odda sentrum tysdag.

Desse snøklokkene såg ut til å trives godt langs Ragdevegen i Odda sentrum tysdag. Foto:

Den siste tida har det vore ein vårleg vêrtype i Odda og Hardanger, noko som mellom anna har ført til snøklokker og gåsungar i sentrum. Frå laurdag av ser vårvêret ut til å bli avløyst av lågtrykk.

DEL

– Det stemmer at det har vore mildt den siste tida, det er det i dag og. I ettermiddag kan det kome regn og yr, og det vil og bli litt kjøligare. Vi forventar snø over 500–800 meter i kveld, seier Anne Hesby Palm.

Ho er meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, og fortel at det og dei neste dagane ser ut til å bli pent vårvêr, men av ein noko kjøligare variant enn dei siste dagane.

– Torsdag ser det ut til å bli opphaldsvêr og noko sol. Slik ser det eigentleg ut til å bli på fredag og. Då vil det vere endå litt lågare temperaturar. Det blir ikkje eigentleg kaldt, men kaldare enn no.

Laurdag trur Hesby Palm at det vil bli eit vêrskifte på Vestlandet.

– Då ser det ut som det skal starte å slå litt om. Vi har hatt eit høgtrykk over Tyskland, som i det siste har sørga for å sende lågtrykka lengre nordover. Laurdag flyttar det høgtrykket seg, så då kjem lågtrykka sørover igjen og vi kan få meir nedbør, seier ho.

Gåsungar på Ragde.

Gåsungar på Ragde. Foto:

Artikkeltags