Vinmonopolet må hive adventskalendere

Oslo, Norway 20150715.
Illustrasjonsbilder: Logoer, Oslo. Vinmonopolet.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Oslo, Norway 20150715. Illustrasjonsbilder: Logoer, Oslo. Vinmonopolet. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix Foto:

Av

Helse- og omsorgsdepartementet set foten ned for sal av Vinmonopolets gåveeske med plass til 24 flasker. Restlageret blir destruert.

DEL

Ifølgje Dagsavisen selde Vinmonopolet nesten 2.000 julekalendrar i fjor, som var første gong dei tilbaud eit slikt produkt. Kommunikasjonssjef Jens Nordahl seier adventskalenderen har vore etterspurt. Han har ikkje oversyn over kor mange kalendrar som er på lager.

– Desse vil uansett bli destruerte, seier Nordahl.

Eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen (Frp) hevdar julekalenderen vart avvikla etter god dialog med Vinmonopolet og seier det er fordi Vinmonopolets oppgåve er «berre å selje alkoholhaldige varer og alkoholfrie festdrinkar».

– Vinmonopolet skal ikkje konkurrere med andre selskap og difor heller ikkje selje andre produkt, seier statsråden.

Aktørar som Gulating og daglegvarebransjen sel slike julekalendrar med plass til 24 flasker i. Sjølv om Vinmonopolet må hive løysinga med 24 boksar, held dei likevel fram med salet av gåveesker for både éi og fleire flasker øl og vin. Det er visstnok heller ikkje eit problem for helseministeren at Vinmonopolet sel julekalenderløysingar med flasker oppi.

– Det Norske Brenneriet har meldt inn produktet «24 Norske Akevittar» gjennom bestillingsutvalet, fortel Nordahl.

Artikkeltags