Regna over 90 mm på eit døgn på Røldalsfjellet

Endless wonder. #natur #utsikt #fabulous #nature #naturelovers #hfsommar #Røldalsfjellet #Norge #Norway Foto: Carine Saue Rasmussen

Endless wonder. #natur #utsikt #fabulous #nature #naturelovers #hfsommar #Røldalsfjellet #Norge #Norway Foto: Carine Saue Rasmussen Foto:

Av

Regnet har ausa ned på Vestlandet dei siste dagane. På Røldalsfjellet vart det registrert 91,8 mm nedbør på eit døgn.

DEL

Tysdag formiddag vart det målt mest nedbør på målestasjonen Eikemo, med nesten 100 millimeter på eitt døgn.

Målestasjonen registrerte 97,7 millimeter nedbør, mens Øvstedal og Røldalsfjellet registrerte 91,8 og 82,6 millimeter. I Rogaland toppar Lysebotn nedbørsoversikta, med 85,4 millimeter, mens det fall 81,9 millimeter i Sauda på 24 timar.

NVE hadde varsla flaumfare for delar av Vestlandet og Sørvestlandet frå måndag kveld til tysdag morgon. Ifølgje NVE ligg varselet på grensa til oransje nivå – det nest høgste - i Hordaland og Rogaland.

Artikkeltags