No kjem regnet: Sender ut varsling på nest høgste nivå

Vått: Tysdag er det meld mykje regn.

Vått: Tysdag er det meld mykje regn. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Tysdag ettermiddag og kveld er det venta mykje regn.

DEL

Varslinga gjeld Vestlandet sør for Stad.

Det kan komma så mykje regn, at Meteorologisk institutt i dag sender varsling på oransje nivå. Det er det nest høgste nivået. Det skriv Meteorologisk institutt på sine heimesider.

Nedbøren vil vera av varierande intensitet. Det er og venta torevêr, spesielt tysdag ettermiddag. Plasseringa av dei største mengdene er fortsatt usikker, men lokalt kan det komma 40-60 millimeter i løpet av tysdag ettermiddag og tidleg kveld, melder meteorologane.

Åtvarer mot å gå til Trolltunga

Trolltunga Trail Information, som er ei Facebook-side administrert av Odda kommune og Trolltunga Active åtvarer mot å gå på tur tysdag.

- Det er meld torevêr og kraftig regn, skriv dei.

Artikkeltags