Vinteren kom på besøk- Sognefjellet er stengt

STENGT: Fv. 55 over Sognefjellet er stengt tysdag.

STENGT: Fv. 55 over Sognefjellet er stengt tysdag. Foto:

Er venta å opne klokka 09.00 tysdag morgon.

DEL

(Firda) Fv 55. over Sognefjellet er tysdag morgon stengt på grunn av vanskelege køyreforhold.

– Det er veldig dårleg sikt og det ligg ein del snø i vegbana. Sidan det ikkje er så mange med vinterdekk på denne tida, så var det best å stenge vegen, seier vegtrafikkoperatør Tore Tysse, og legg til:

– Det var tidleg dette her!

Brøytemannskap skal opp og brøyte etter kvart, men enn så lenge er vegen stengt.

Vegtrafikksentralen melder like før 08.30 at vegen er venta opna att 09.00.

Artikkeltags