Vegvesenet tek ingen sjansar: Stenger riksveg 13 i natt

Slik såg det ut på riksveg 13 ved Teigen etter ras 27. november 2011. No fryktar ein nye ras i dette området. Arkivfoto: S. Torsteinsdottir

Slik såg det ut på riksveg 13 ved Teigen etter ras 27. november 2011. No fryktar ein nye ras i dette området. Arkivfoto: S. Torsteinsdottir

Fordi det er varsla store nedbørsmengder natt til torsdag, har Statens vegvesen bestemt seg for å stenga riksveg 13 ved Teigen.

DEL

- Riksveg 13 vert stengd ved Teigen i natt frå klokka 23.00 til 7.00, opplyser byggjeleiar Åsmund Andersen Sekse i Statens vegvesen onsdag ettermiddag.

Han legg til at dei kjem til å vurdera situasjonen utover kvelden, og at vegen kan verta stengd både tidlegare og seinare en dette tidsrommet.

Vegvesenet har hatt dialog med geolog, og har på bakgrunn av varsel om at det kan koma 40-60 mm regn på tre timar, bestemt seg for å stenga vegen for å vera føre-var.

Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel om svært kraftige regnbyer.

- Når situasjonen er som han er, så er det ikkje noko anna me kan gjera, seier Andersen Sekse.

Om vegen skal opna klokka 7.00 torsdag eller ikkje, vil det bli tatt ei ny vurdering på i morgon tidleg.

- Det ser ut til at Odda og området rundt kan bli nedslagsfelt for regnet denne gongen, utan at det er sikkert at det skjer, seier Andersen Sekse.

Ifølgje han vert det òg auka beredskap oppover Oddadalen, fylkesveg 550 og på riksveg 13 ved Byrkjenes.

På sikt håpar Vegvesenet å få på plass eit skredvarslingsystem ved Teigen i form av ein radar.


Artikkeltags