Kan komma 60-80 millimeter på tolv timar

Frå i ettermiddag til utpå natta kan det komma frå 60 til 80 millimeter.

Frå i ettermiddag til utpå natta kan det komma frå 60 til 80 millimeter. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel for Hordaland og Rogaland.

DEL

Har sendt ut farevarselFarevarselet er på gult nivå. Frå måndag ettermiddag til ut på natta er det venta å komma frå 60 til 80 millimeter nedbør.

I Hordaland og Rogaland ligg varselet i øvre del av gult nivå. Hovudtyngda av nedbøren ventast i ei sone noko inn frå kysten, med lokalt opp mot 60–80 millimeter på tolv timar. Nedbøren ventast å komma som regn opp til 1200–1400 meter over havet, heiter det på farevarselet.

Mykje regn vil gi aukande vassføring i bekkar og elver. Mest utsett er vassdrag der nedbøren i all hovudsak kjem som regn.

– Hald deg oppdatert om situasjonen. Rens stikkrenner, kumar og andre vassvegar for jord og grus, kvist og lauv, slik at vatnet kan renna uhindra der det vanlegvis renn. Hald deg unna elver og bekkar med stor vassføring, er rådet frå NVE.

Artikkeltags