Dette er varmepumpemontøren sine tips i sprengkulda

FØLG MED: Røy Helge Døssland rår folk til å halda eit auga med vampepumpa, særleg når det er på det kaldaste. (Arkivfoto).

FØLG MED: Røy Helge Døssland rår folk til å halda eit auga med vampepumpa, særleg når det er på det kaldaste. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel

Dei slepp kanskje ved-rusk, men varmepumpe-entusiastane har faktisk litt dei bør passa på i kulda, dei òg.

DEL

Kulde- og varmepumpemontør-meister Roy Helge Døssland i Uskedalen starta i fjor firmaet Rett Temperatur AS, etter å ha jobba i bransjen på Austlandet i ein del år.

Døssland gir gjerne nokre tips til varmepumpebrukarar no i kuldeperioden, skriv Kvinnheringen.

– Eg har sett at her på Vestlandet er det einskilde varmpepumper der utedelen er montert for nær bakken. Det bør vera minst 40 cm på grunn av avisingsvatnet, forklarar Døssland.

Det som skjer er at fukt frå utelufta frys på utdelen, og med jamne mellomrom blir dette av-isa og renn ned på bakken.

Les og: No kjem sprengkulda: – Det blir veldig kaldt!

Når det no er skikkeleg kaldt ute, kan det klaka seg til oppover frå bakken og heilt opp i utedelen. Dess nærare bakken utedelen står, dess raskare kan denne isen bli eit problem.

– Om ein ikkje fjernar dette, kan isen til slutt gå heilt opp i vifta ute og stoppa varmepumpa, seier Døssland.

I utedelen er det oftast ein varmekabel i «botnpanna», slik at avisingsvatnet ikkje skal enda opp som is akkurat der.

– Så det kan vera lurt å sjekka at denne varmekabelen verkar. Byggjer det seg opp is i «botnpanna», kan det vera varmekabelen som er gått, forklarar Døssland.

Elles gjeld det å halda varmepumpa fri for lauv og rask ute, medan det gjerne er støvfilteret det blir slaura med inne.

Utvikling

Har du ei hauggamal varmepumpe, altså 20–25 år, er varmefaktoren truleg på rundt 1 til 3 (ein kilowatt inn gir tre ut) under gunstige forhold (grei utetemperatur). Dei nyaste har ein varmefaktor på 1 til 5. Varmefaktoren dalar naturlegvis i lag med utetemperaturen.

– Det har skjedd mykje på varmepumpefronten dei tre siste åra. Dei eldste koplar seg gjerne ut på rundt minus ti grader – nye kan gi varme sjølv om det er nede i minus 25 ute. Eg veit om varmpepumper på Røros som har produsert varme sjølv med minus 37 grader ute, fortel Døssland.

Han minner elles om at gassen som blir brukt i varmepumper oftast er svært miljøskadeleg. Ein kilo av gassen tilsvarar 2088 kilo CO2.

– Skal ein demontera ei gamal varmpepumpe må ein ha fagfolk til å ta hand om gassen på forsvarleg måte, seier Døssland.

Artikkeltags