- Fort gjort å få for mykje sol på vinterbleik hud

Anten du skal nytte påska i fjellet, i byen, på stranda eller i hagen kan det vere lurt å ha i bakhovudet at sola er sterkare enn elles grunna den seine påska.

Anten du skal nytte påska i fjellet, i byen, på stranda eller i hagen kan det vere lurt å ha i bakhovudet at sola er sterkare enn elles grunna den seine påska. Foto:

Av

Påskesola blir sterkare enn normalt grunna den seine påska. Solkrem og solbriller er heilt nødvendig.

DEL

Anten du skal nytte påska i fjellet, i byen, på stranda eller i hagen kan det vere lurt å ha i bakhovudet at sola er sterkare enn elles grunna den seine påska. Kreftforeningen oppmodar alle om å bruke solkrem og solbriller dersom du skal opphalde deg utandørs i ferien.

– I rein glede over sol og varme er det fort gjort å få for mykje sol på vinterbleik hud, seier generalsekretær i Kreftforeningen Anne Lise Ryel i ei pressemelding.

– Hudkreft er ein sjukdom vi alle veit korleis ein reduserer risikoen for å få, seier ho og oppmodar alle om å følgje solråda.

Noreg er eit av landa med høgast førekomst av hudkreft, sjølv om sola er relativt svak her i forhold til andre land nærare ekvator. Kreftforeningen sine råd for å sjølv redusere risikoen for kreft inneber mellom anna å avgrense tida i sola når ho er på sitt sterkaste, halde seg unna solarium, ha noko på hovudet og klede på resten av kroppen, bruke minst faktor 15 i Noreg og minst 30 i solrike land, bruke solbriller og å sjekke UV-indeks der du skal vere i påska på yr.no eller uv.nilu.no.

UV-indeksen er forventa å vere lågast i Nord-Noreg (mellom 1 og 2) og på sitt høgaste i Thailand (11+). I Sør-Noreg er den forventa å vere mellom 3 og 4 i område utan snø og mellom 4 og 5 på snødekte plassar.

Artikkeltags