Pass på dyra i kulda: Dette er tipsa frå veterinæren

KALDT: Denne veka er det meldt heilt ned i 15 minusgrader fleire stader i fylket.

KALDT: Denne veka er det meldt heilt ned i 15 minusgrader fleire stader i fylket. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

I 15 minusgrader kan det vere lurt å passe ekstra godt på dei firbeinte.

DEL

Denne veka er det meldt uvanleg kaldt. Då må ein passe ekstra godt på dei firbeinte.

– Han-hundar kan forfryse testiklar og pung, og tisper kan forfryse spenane. Det kan det vere lurt å tenke på utover i veka når det blir endå kaldare, seier dagleg leiar Terje Negard ved Veterinærkontoret i Førde AS til Firda.

Om hundane vert gåande med is inntil kroppen, kan det gi alvorlege og smertefulle frostskadar.

Kattar må få ly

– Kattar har ofte faste turar og rundar og er litt rutineprega i hovudet. Om det då brått blir minus 10 og 15 grader, kan det vere lurt å passe litt ekstra på. Men det gjeld særleg litt eldre kattar og kattar som ikkje er heilt friske, seier Negard. 

Han minner også om at kattane må ha moglegheit til å komme seg inn på ein lun og trekkfri stad.

– Dei må ha tilgang til å komme seg inn ein plass der dei føler at det er grei varme, slår Negard fast.

Viktig med næring

Veterinæren peikar i tillegg på verdien av nok og riktig fôr – særleg når temperaturane blir såpass låge som dei er denne veka. Både kattar og hundar, og større dyr som er ute – til dømes hestar – må ha tilgang til rett næring.

– Då klarer dei å skru opp stoffskiftet og få opp varmen i kroppen.

Artikkeltags