– Me er veldige glade for at me hevdar oss i musikkonkurransar, seier Per Jarle Waulen som er leiar i Odda musikklag.

Saman med nærare 30 andre lokale musikantar er han denne helga i Stavanger der dei deltek på Jan-Am. Laurdag tok dei del i underhaldningskonkurransen, og med seg heim får dei altså to prisar.

– Me vann 2. divisjon konkurransen. Me spelte 20 minutt underhaldningsmusikk, fortel Waulen.

Odda musikklag spelte mellom anna tonar frå Chaplin, Harry Potter, Pirates of the Caribbean og «Gabriels obo». Torbjørn Dagestad vann solistpirisen for sin innsats i sistnemnde.

– Me er 29 medlemmer i Odda musikklag denne sesongen. 10 av oss er pensjonistar, og eg er ein av dei, smiler leiaren.

Han legg til at alderen på medlemmene spenner seg frå 40 til over 70 år. Med to ferske pokalar slår han fast at musikklaget framleis er høgst oppegåande.

Det var totalt åtte korps som tok del i konkurransen. Jan-Am er for vaksenkorps med janitsjarbesetning.