Stadig fleire veljarar endrar på stemmeseddelen ved lokalval

Valansvarleg: Turid Olsen Nå ved stemmeurna på biblioteket i Odda. Foto: Ernst Olsen

Valansvarleg: Turid Olsen Nå ved stemmeurna på biblioteket i Odda. Foto: Ernst Olsen

Av

Ved lokalvalet i haust vil nær 200.000 fleire nordmenn gi frå seg stemmene sine enn for fire år sidan. Stadig fleire veljarar bruker moglegheita til å gi frå seg personstemmer.

DEL

Lokalvalet i haust byr på rekordmange stemmeføre nordmenn. Heile 4.202.016 nordmenn har moglegheita til å sleppe sin stemmesetel ned i valurna, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

185.392 fleire nordmenn skal gi frå seg stemma si enn ved førre kommune- og fylkestingsval i 2015.

Ved kommune- og fylkestingsval har ein moglegheita til å gi partikandidatane personstemmer, tidlegare kalla kumulasjon. Det inneber å gi ein kandidat på stemmeseddelen meir enn éi stemme.

Halvparten gir personstemmer

Stadig fleire veljarar nyttar seg av denne moglegheita. Spesielt i dei store byane, og då særleg i Oslo, blir dette stadig vanlegare, ifølgje valforskar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforskning.

– Det har auka jamt og trutt dei siste tiåra. For 30 til 40 år sidan var det nesten ingen som gav frå seg personstemmer, medan ved førre val var det om lag halvparten som nytta seg av moglegheita, seier Bergh til NTB.

Om lag like mange unge som gamle veljarar gir frå seg personstemmer. Unge veljarar har ofte ein tendens til å stemme på unge kandidatar, ifølgje Bergh.

– Det er òg ofte er dei som er mest politisk interessert som gir frå seg personstemmer, medan generelle veljarar ofte lèt pennen liggje, seier han.

Sette kryss ved namnet

Ordninga med personstemmer gjer at veljarane har ei viss moglegheit til å påverke kva for av personane på vallistene til partiet som faktisk får plass i kommunestyret eller fylkestinget.

– Dersom ein ønsker å støtte éin spesifikk kandidat, kan ein gi frå seg ei personstemme. Ved kommunestyreval kan ein gi ei personstemme til ein kandidat ved lista ein stemmer på, ved å setje eit kryss, seier kommunikasjonssjef Kristina Brekke Jørgensen i Valdirektoratet til NTB.

– Ein kan òg gi ein såkalla slengarstemme til kandidatar frå andre lister. Dette blir opp ført i eit eige felt på stemmeseddelen, seier Jørgensen.

Stryking av kandidatar

Tidlegare hadde ein moglegheit til å stryke kandidatar på lista, men i 2003 vedtok Stortinget å fjerne denne moglegheita ved kommuneval.

Hovudårsaka til at dette vart endra, var at det kunne gå spesielt utover kandidatar med innvandrarbakgrunn, men også kvinner, ifølgjeAftenposten.

Debatten om ei eventuell gjeninnføring av strykeordninga har jamleg dukka opp sidan.

Vallovutvalet arbeider for tida med ei utgreiing som skal vere klar ved utgangen av året. Kommunaldepartementet ønsker å vente på konklusjonen før dei diskuterer ein eventuell gjeninnføring av strykeordninga.

Dobling i mengda førehandsstemmer

Dei to første vekene med førehandstemming har 234.599 veljarar allereie avlagt stemma si i august. Det er dobbelt så mange som ved førre lokalval – då 93.210 personar allereie hadde førehandsstemt på same tidspunkt.

Mange nyttar seg av moglegheita til å førehandsstemme i frykt for lange køar på sjølve valdagen. Jørgensen seier at det naturleg nok kan oppstå ein del kø enkelte stader, men at dette er noko kommunane tar høgde for.

– Kommunane har lagt godt til rette for og rigga seg for ein hektisk valdag, så det går stort sett veldig greitt. No som mange også førehandsstemmer vil jo det også gjere det litt mindre hektisk på valdagen, seier ho.

Artikkeltags