Villreinnemnda for Hardangervidda har vedtatt å ikkje forlenga årets villreinjakt på Hardangervidda utover 30. september 2022.

Det skriv Kjetil Olav Heitmann i ei pressemelding fredag ettermiddag.

Heitmann er seniorrådgjevar og sekretær for Villreinnemnda for Hardangervidda-området.

– Bra jaktresultat

Grunngivinga er at ein ligg an til å få eit bra jaktresultat i haust med mange prøvar for å påvisa eventuell skrantesjuke.

– Nye prøvar frå utvida jaktperiode ville kome frå simler og ungdyr som tel mindre for å berekna førekomst av CWD-smitte. Attverande bestand etter ordinær jakt blir forventa å kunna gi rundt 1500 kalv i 2023, noko som er ønskt bestandsnivå for simler. I tillegg treng dyra ro for å freista å betra ein dårleg kondisjon før brunstperiode og vinter, skriv Villreinnemnda i pressemeldinga.

Det var Hardangervidda villreinutval som foreslo utvida jakt i 2022 utover ordinær jaktperiode, dersom det vart vurdert å bli eit for lågt jaktuttak fram til 30. september.

Årets fellingskvote var sett til 7000 kort fordelte på 50 prosent valfrie dyr og 50 prosent vaksen bukk. I tillegg kunne det fellast ein kalv på kvart kort. Kvota saman med andre verkemiddel var forventa å gi eit ut uttak på 1500 – 2000 dyr under jakta. Det var ønske om eit så høgt uttak av bukk som mogleg for å redusera del vaksen bukk i stamma. Eit høgt fellingsresultat ville vera positivt for å ta ut dyr som kunne vera smitta av skrantesjuke og gi mange prøvar for å avdekka eventuell smitta i stamma.

1019 felte dyr er rapportert

Per 22. september var det rapportert inn 1019 felte dyr på Hardangervidda i Hjorteviltregisteret, av dette var 33 prosent vaksen bukk.

– Erfaringsmessig blir ein stor del av felte dyr ikkje rapport i Hjorteviltregisteret. Desse fellingane blir registrerte når kontrollkort blir sende til Villreinnemnda etter avslutta jakt, står det i pressemeldinga.

Dyra er i svært dårleg kondisjon

Veterinærinstituttet hadde analysert nærare 1000 CWD-prøver av villrein frå Hardangervidda per 22. september, og alle prøvane var altså negative.

– Jaktuttaket ligg an til å bli bra sett opp mot storleiken på villreinstamma, og tal CWD-prøver frå årets jakt er bra.

Dyra er i svært dårleg kondisjon og treng no ro før brunst og kommande vinter, meiner Villreinnemnda for Hardangervidda.

– Vi kan konkludera med at vi har oppnådd ei normalt god jakt i 2022. Dersom vi kjem i mål utan nokre positive CWD-prøvar, har Veterinærinstituttet berekna at sannsynet for at det ikkje er skrantesjuke på Hardangervidda er ca. 50 prosent. Det er sjølvsagt framleis fare for at det kan vera skrantesjuke på Hardangervidda, men situasjonen ser lysare ut no enn det tidlegare utrekningar viste.