– Ei av dei største og finaste utstillingane i Galleri G Guddal

Slik omtalar gallerieigar Gøril Guddal utstillinga til Frank Brunner som opnar laurdag 15. juni.

DEL

(Kvinnheringen) Frank Brunner (f. 1971) er ein veletablert kunstnar med utdanning frå Statens Kunstakademi i Oslo, Ilja Repin Statsakademi i St. Petersburg og Yale University i New Haven, USA, og laurdag 15. juni opnar han utstilling i Kvinnherad, skriv Guddal i ei pressemelding.

Det forbigåande går igjen i Brunner sine motiv, stille augeblikk som eksisterer her og no og som er borte igjen i neste sekund. Ofte skildra gjennom stemningsberande ljos, skuggar og speglingar.

Under Brunner si store debututstilling på Stenersenmuseet i 2000 blei alle maleria i serien «New Haven» kjøpt opp av Galleri Haaken. Sidan har han vore fast tilknytt Galleri Haaken og stilt ut i anerkjende galleri i både USA og Europa. Brunner sine maleri finst i offentlege og private samlingar både nasjonalt og internasjonalt. I Norge har han mellom anna stilt ut på Henie Onstad Kunstsenter og Stenersenmuseet, og i 2012 hadde han ei stor soloutstilling på Haugar Vestfold Kunstmuseum.

Grafikk er ein viktig del av Brunner sin kunstnarskap, og han jobbar med stor handverksmessig presisjon. Ikkje sjeldan blandar han ulike grafiske teknikkar i eitt og same trykk, noko som gjev ein djupneverknad og ein taktilitet som forsterkar det visuelle uttrykket.

Brunner er på evig jakt etter å kombinera motsetningane mellom det bereknande uttrykket og det impulsive anslaget. Sjølve motiva har også ofte ein tvetydigheit i seg, dei balanserer mellom det urbane og det rurale, mellom kultur og natur. I enkelte motiv ser vi spor av menneske, men i dei fleste kan vi berre ana at mennesket ikkje er så langt unna. Bilda uttrykkjer noko bakanforliggjande, sjåaren blir teken med inn i ei verd der ein sjølv må fullføra historia.

Kunstnaren skal vera til stades under opninga. Det blir musikk av Vivi-Ann Brede (vokal), Stig Klette (akustisk gitar), Roger Sjøvold Dalland (tolvstrenggitar, bass) og Jose Zaragoza (trompet).

Artikkeltags