Gå til sidens hovedinnhold

Utset løpet éi veke grunna andre arrangement

Hardanger Folkeblad skreiv tidlegare i år at IL Solnut forhåpentleg arrangerer Skredløpet 2021.

Arrangørane skriv no på Facebook at løpet vert utsett ei veke, på grunn av andre arrangement den same helga.

Ny dato for Skredløpet 2021 er dermed 19. juni.

– Me ønsker å gjennomføre det på enklast mogleg måte, utan ekstra tilstellingar på Reisæter. Mogleg me må gå over til individuell start og tidtaking. Mogleg me må fokusera på berre Skredløpet, og den yngre garde må vente til 2022 på «kortbeintløpet», sa Skredløpgeneral Eirik Nå Aga då HF snakka med han i slutten av januar.

Skredløpet vart første gong arrangert i 2007. Det startar ved skredmuren på Aga og går i løype i naturen til Reisæter. Løypa er 8,5 km lang.

Kommentarer til denne saken