Kroteveke på museet på Utne

Kroting: Frå kroting på museet i 2011. Arkivfoto

Kroting: Frå kroting på museet i 2011. Arkivfoto

Denne veka står i krotinga sitt teikn på Utne. Museet inviterer til kurs, fleire foredrag – og konsert.

DEL

Museet inviterer til å utforska tradisjonen nærare. Gamal krot skal vaskast vekk, krittvelling skal lagast, og ny krot påførast.

Både dei som har restaurering og bygningsvern som jobb, dei som har gamle tømrastover i si eiga og dei som «berre» er interesserte, kan melda seg på, fortel styrar på museet; Agnete Sivertsen, og legg til:

– Om nokon har lyst til å sjå kroting, kan dei gjerne stikke innom både torsdag og fredag.

Krot er nemninga på dekor ein finn i gamle røykstover. På omfaret under beten vart geometriske mønster påført den mørke tømmerstokken. Det var kvinnene på garden som krota; med hjelp av krittvelling, til jol, jonsok og brudlaup.

I samband med krotekurset som startar imorgon tysdag, inviterer museet til langope, servering og kroteveitle torsdag. Anne Lise Brask Eriksen held foredraget Krot i røykstover i Hardanger, Helena Kjepso held foredrag om Kross som symbol, medan Agnete Sivertsen tek for seg Dekor på eldre hardingfeler. Johild Meland fortel om Krot i ny form, kunstprosjekt frå Finland og Kristin Holte som har gjeve ut strikkeboka Fra krittkroting til koftemønster, kjem også.

Kultur- og kroteveka vert avslutta med konsert med Steinar Rygg, som kjem med hardingfela fredag.

Artikkeltags