Gå til sidens hovedinnhold

Ein av desse blir Folgefonnvotten

Artikkelen er over 3 år gammel

For fjerde år på rad er det lokalt handverk og god mat og drikke som gjeld når Folgefonn husflidslag skipar til haustmarknad på Utne Hotell.

– Det er mest folk herifrå, men det kjem òg nokon frå Skare og Odda, fortel leiar i husflidslaget, Åshild Eikrem Utne.

Ei rekkje utstillarar skal mellom anna visa fram både handverk, mat og strikk og det vert òg kafé og loddsal.

Som om ikkje det er nok, så skal vinnaren av Folgefonnvotten òg kårast.

13 bidrag har blitt vurderte av ein jury.

– Det vil bli laga strikkepakkar etter at vinnaren er kåra, med garn og mønster i ei pakke. Vi håpar å få dette klart før jul, seier ho.

Utne fortel at marknaden har vore populær.

– Det brukar å vera mykje folk innom og husflidslaget har og eigne aktivitetar for ungar i nabohuset, fortel ho.

Ho legg til at dei synest det er flott å kunna nytta hotellet framfor å vera i til dømes ein idrettshall.

I fjor då HF vitja marknaden var det godt besøk og mange folk både oppe og nede.

Kommentarer til denne saken