Gå til sidens hovedinnhold

Utforkøyring - store mengder diesel spruta ut i naturen

Drivstoff spruta ut i terrenget då ein semitrailer køyrde utfor ved Dyranut i Eidfjord tysdag ettermiddag.

Politiet melder om at ca. 200 liter diesel har runne ut i terrenget, etter at ein utanlandskregistrert semitrailer køyrde utfor riksveg 7.

Traileren skal ikkje ha velta.

− Han køyrde utfor, trefte ein stein og fekk ei flenge på tanken, forklarar operasjonsleiar Tatjana Knappen ved Vest politidistrikt til HF.

110-sentralen melder om at brannvesenet har kontroll på staden.

Ifølgje operasjonsleiar må underlaget bli grave opp og fjerna.

Trafikken kan passera ulukkesstaden, ifølgje politiet.

Kommentarer til denne saken