Dyrlege for ei veke

Arbeidsveke: Anne Victoria Macedo Kollbotn har arbeidsveke hos Hardanger Dyreklinikk.

Arbeidsveke: Anne Victoria Macedo Kollbotn har arbeidsveke hos Hardanger Dyreklinikk. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Anne Victoria har lyst til å bli dyrlege når ho blir vaksen. Denne veka fekk ho prøva seg i draumeyrket.

DEL

Denne veka har 9. trinn på Odda Ungdomsskule arbeidsveke der elevane skulle prøve seg ute i arbeidslivet, og sjå korleis det var å jobbe anten i ein butikk, barnehage eller ein anna plass dei hadde ein interesse for.

Dei skulle sjølv finne ein jobb dei kunne tenkje seg å prøve eller arbeida med i framtida, og for Anne Victoria Macedo Kollbotn falt valet lett på Hardanger Dyreklinikk. Ho seier ho har veldig lyst til å bli dyrlege når ho blir vaksen, og at det er kjempekjekt at ho får oppleva korleis ein dyrlege sin arbeidsdag er.

Fekk fjerna kjertlar

Det mest spennande Anne Victoria har vore med på var då ho fekk fjerna kjertlar, utanom det så har ho blant anna vore med å klippa klør og hår, fjerna tannstein, pussa tenner, ta urinprøver og bedøvingar. 

– Det er ikkje alltid noko å gjera, men når først eit dyr kome inn så kjem det plutseleg fleire og då blir det veldig travelt, seier Anne Victoria.

Sjølv har ikkje Anne Victoria nokon dyr, men seier at ho skal få i næraste framtid.

PS: Journalist Emilie Mannsåker har arbeidsveke i Hardanger Folkeblad   

Artikkeltags