Gå til sidens hovedinnhold

Utbrotet er slått ned - kommunen snart ferdig med massevaksineringa

Det vart fredag påvist «importsmitte» hjå ein person i Ullensvang, men utanom dette tilfellet har det ikkje vore påvist ny smitte i kommunen sidan 3. september.

Personen det er snakk om var i karantene frå før ved innreise.

– Alle andre som har vore smitta er gått ut isolasjonstida. Vi har per i dag berre ein person som er i isolasjon/smitt, opplyser ordførar Roald Aga Haug og viser til importsmittetilfellet.

Han er glad for å varsla innbyggjarane om at den lokale forskrifta kommunen innførte har verka godt.

– Eg vil takka innbyggarane for å ha samarbeidd godt med å slå ned utbrotet, seier Haug i ei pressemelding søndag kveld.

Den siste tida har det vore mange i karantene. Mellom anna har det vore heil klasse ved Odda barneskole i karantene.

Det vil vera vaksinering i Tyssohallen 15. og 21. september. Ullensvang kommune er då ferdige med massevaksinering i Tyssohallen.

– Vi oppmodar alle som ikkje har fått nytta tidlegare tilbod om første dose til å koma på drop-in ein av desse dagane, seier Haug.

Dose 2, til dei som må vente på den, vil verta ein dag i oktober og ein dag i november. Kommunen opplyser at informasjon om tid og stad vil gjerast kjent i media og på kommunen sine nettsider innan kort tid. Dei det gjeld vil og få innkalling på sms

Born mellom 12 og 15 år får vaksinetilbod organisert av kommunen på skulane i veke 37 og 38. Informasjon og samtykkeskjema er sendt elev og føresette.

– Tilsette har gjort ein flott innsats siste tida med testing, smittesporing og vaksinering. Vi ber framleis om at innbyggjarane er forsiktige og følger nasjonale smittevernråd, seier ordføraren.

Det siste døgeret er det registrert 840 koronasmitta i Noreg. Det er 309 færre enn same dag i førre veke.

I alt har nå 175.489 personar testa positivt for covid-19 i landet. 827 koronasmitta personar er daude, men om dei har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogeleg å slå fast.

Les også

Her får Emilie (16) vaksine

Les også

Forlenget lokal covid-19 forskrift: – Slik kan vi ikke ha det i Ullensvang kommune

Les også

Barn fra 12 til 15 år får tilbud om én dose med koronavaksine

Kommentarer til denne saken